Hopp til innhold

Elin fann roa på øy med 13 bebuarar

Mange drøymer om å ta grep i livet og roe ned, men for dei fleste blir det med draumen. Elin Blindheim (52) flytta midt ut i havgapet, på øya Ona, for å finne stillheita.

Elin Blindheim trivst best ved havet

Det kan gå mange timar mellom kvar gong du høyrer lyden av ein bil på Ona. Vinden som ruskar i håret og lyden av havet er det Elin Blindheim set pris på.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ein iskald vind fyk over Romsdalsøya og piskar kvitt skum på sjøen. På kaia står ei hutrande Elin Blindheim og ventar på at ferja Kvaløy skal legge til. Om bord i ferja står daglegvarene ho har handla per e-post.

– Å bu her er berre magisk vakkert. Det er den reine lufta, lyset og havet, seier Blindheim. Med handleposen i handa går ho innom samlingsstaden på øya, som er kombinert post, kiosk og strikkebutikk. På posten hentar ho vin ho har bestilt på polet. Det sparer henne for ei dagsreise.

Strikkebutikk på Ona

Ona har berre 13 faste innbyggjarar, men mange har fritidsbustad der. Samlingsstaden er strikkebutikken på kaia.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Få realiserer draumen

Dei siste 10 åra er det få som har gjort som Blindheim. Tvert imot har det vore ein aukande flyttestraum til byane. Forskar Gro Marit Grimsrud ved Uni Research Rokkansenteret trur mange drøymer om det gode livet på landet, men det er vanskeleg å realisere draumen. Dei som flyttar til utkantane er gjerne oppvaksne der.

– Ofte er det vanskeleg å flytte til ein utkant dersom du skal ha med deg heile familien. To personar skal finne jobb, familien skal ha hus og barna eit skuletilbod, seier Grimsrud. Ho trur det er enklare å realisere ein slik draum for dei som er forbi småbarnsfasen, og for dei som har frie yrke der arbeidet kan utførast kvar som helst.

Gro Marit Grimsrud

Forskar Gro Marit Grimsrud seier det er vanskelegare for småbarnsfamiliar å realisere draumen om det gode livet på landet.

Foto: Odd Iversen / NRK

Vart skilt

Då Blindheim og familien bestemte seg for å leige ein fritidsbustad på Ona for fleire år sidan, ante ikkje trebarnsmora at den fråflyttingstrua øya skulle bli permanent bustadadresse nokre år seinare.

Dei første åra var Ona ein stad å kvile ut. Blindheim dreiv då sin eigen vesle sjokoladefabrikk og i periodar jobba ho nærast døgnet rundt. Produksjonen vaks og sunnmørskvinna selde verksemda, for å flytte til Svalbard med familien. Undervegs havarerte ekteskapet og då Blindheim skulle flytte heim etter fire år i vinterland, lengta ho etter havet.

– Det var ein kombinasjon av jakta på stillheita og det å kome nærare naturen som gjorde at eg flytta hit, seier Blindheim. Ho meiner at ved å bu på ein slik plass, får ein automatisk meir tid og ro.

Elin Blindheim med Ona fyr bak seg

Elin Blindheim vart forelska i Ona første gong ho besøkte øya. Det endte med at ho og familien leigde ein fritidsbustad der.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Heimekontor

Elin Blindheim jobbar som salssjef ved Ona og Finnøy havstuer. Ho har kontor ein halvtimes ferjetur unna og jobbar heimanfrå ein dag i veka. Barna har blitt store, og besøker henne så ofte dei kan. Ho har også ein kjærast som kjem på besøk.

– Når du bur på ein slik stad må du klare å vere åleine. Eg er aldri einsam, for her er alltid folk å prate med dersom ein vil, seier Blindheim. Neste draum er å bygge sitt eige hus på øya.

Elin Blindheim lagar sjokolade
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK