Hopp til innhold

– Eg fekk plutseleg auge på den, ei helleristning av ein båt

Jørn Olav Løset skulle berre ein kjapp tur innom Roskaret for å sjå den kjende «Roskarbåten» på staden. Etter litt leiting fann han ei ny helleristning. - Dette er utruleg spennande, seier fylkeskonservatoren.

Helleristning?

Her er helleristninga som Jan Olav Løset fann på Roskaret. Han håper den er av den gamle sorten.

Foto: Jørn Olav Løset

Jørn Olav Løset

Jørn Olav Løseth.

Foto: Håvard Løset

I går tysdag meldte NRK om dei Molde sin best ivaretekne hemmeligheit. Nemleg helleristninga på Bjørset.

Då tok Jørn Olav Løset frå Dalsbygda kontakt. Han hadde nemleg gjort store funn på ein svipptur innom Roskaret. «Roskarbåten» er den mest kjende helleristninga, cirka på grensa mellom Sande og Herøy.

– Eg var på tur til Leikong og Roskaret for å fotografere den kjente ristninga som er der frå før av. Då kom eg over det eg trur er ein båtfigur til, seier Løset til NRK.no.

Han har tidlegare vore på fleire helleristningsfelt. Då han vitja Roskaret ville han utforske området.

– Eg har sett mange felt i landet, og eg hadde ei meining om kvar det kunne vere fleire ristningar.

– Eg var i ferd med å gi opp, og skulle tilbake på stien. Då fekk eg plutseleg auge på denne. Den er om lag ein halv meter lang, og eg trur det er ei helleristning av ein båt, fortel ein engasjert Løset.

I tillegg til omrisset av ein båt fortel Løset om noko som stikk opp midt frå båten.

Saka held fram under bildet.

Helleristning? Med oppmerking

Her er helleristninga, utheva med raudt, som Jan Olav Løset kom over på Roskaret.

Foto: Jørn Olav Løset

Håper ristninga er gammal

– Korleis var det eigentleg å finne det som kan vere ei heilt «ny» helleristning?

– Det var ein litt rar følelse då eg kom over den. Det var ikkje noko jubelbrus, men meir ei konstatering om at «her er det ei til», repliserer Løset.

No håper han funnet er av den gamle sorten.

– Den kan vere eit par 1000 år gammal, og eg er svært spent på om den faktisk er gammal. Den kan vere nyare, men eg håper verkeleg den er gammal.

Øyunn Kleiva

Øyunn Kleiva ved fylkeskonservatoren synest funnet på det kjende Roskaret er fantastisk.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeskonservatoren i hundre

Løset informerte tidleg fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal, som til dagleg har tilhald i Molde.

Øyunn Kleiva er rådgjevar og arkeolog hos fylkeskonservatoren. Ho synest funna er svært, svært spennande.

– Eg skal ut dit så snart eg har anledning. Det er ingenting vi likar betre enn dette!

Ho fortel om fleire ristningar i området. Det ligg éi på Sande-sida av Roskaret, og éi på Herøy-sida.

– Der er fleire kjente ristningar. Den best ivaretekne og kjende ligg til slik at den er verna frå vêr og vind.

– Vi har tenkt at det har vore spor av andre ristningar i området. Det på stadar som er meir utsett for vêr og vind, seier Kleiva.

Og akkurat det ser det ut til at Løset har funne.

Saka held fram under bildet.

Helleristning?

Slik ser Helleristninga ut utan oppmerking.

Foto: Jørn Olav Løset

– Den liknar «Roskarbåten»

Løset synest det er kjekt at fylkeskonservatoren engasjerer seg sporenstreks.

– Eg ser spent på om det er meir enn berre båten. Der er strekar som kan vere enda meir spennande, meiner Løset.

Kleiva i Molde har sett bilde av ristninga, og ser likskapar med andre ristningar i området.

– Dette her er utruleg spennande. Den er lik ristninga som er under hella, «Roskarbåten», seier Kleiva.

– Kven har laga dei, trur du?

– Nei, det er vanskeleg å seie. Der er ingen signaturar, dessverre.

– Men dette kan vere ein plass der folk har passert i gamle dagar. Det er utsikt over leia, avsluttar Kleiva, som trur det kan bli litt folk der framover.