Hopp til innhold

Vaksinevegring etter svineinfluensahysteri

Færre eldre og sjuke vaksinerer seg mot sesonginfluensane i år enn tidlegare. Helsesøster Tove Storvik trur folk fekk nok etter svineinfluensaen i fjor.

Hoste

Det kan bli fleire som blir sengeliggjande av sesonginfluensaen denne vinteren. Færre tek vaksine.

Foto: Colourbox.com

I Kristiansund er talet på folk som vil ta sesonginfluensavaksinen halvert frå i fjor.

Oppstandelse

Helsesøster Tove Storevik i Kristiansund er ikkje så overraska over at færre vil vaksinere seg i år.

En helsesøster forbereder en svineinfluensasprøyte

Alt oppstyret rundt Svineinfluensaen i fjor kan ha ført til at folk ikkje vil ta sesonginfluensavaksine i år, trur helsesøster Tove Storevik.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Det var veldig mykje oppstandelse om fjorårets svineinfluensa. Og så viste det seg i ettertid at infeksjonen ikkje var så alvorleg for dei fleste, seier ho til NRK.

– Gravide bør vaksinere seg

Halvert

I Kristiansund har det normalt vore mellom 800-1000 som har vaksinert seg mot sesonginfluensaen årleg. I år er talet rundt 400.

Mange utsette grupper er anbefalt å ta sesonginfluesavaksinen. Storevik trur den låge oppslutninga vil få konsekvensar.

– Vi kjem nok til å sjå at mange som skulle ha tatt vaksinen blir sengeliggjande og sjuke, seier helsesøster Tove Storevik.

Ubrukte vaksiner kan gå i søpla

Faren ved svineinfluensa overdrevet

Svineinfluensaen er glemt – men ikke borte

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL