Hopp til innhold

Evakuert etter røykutvikling

Seks personar blei i natt evakuerte frå ein bustad i Skarbøvika etter meldingar om røykutvikling. Ingen skal vere skadde.

Politi illustrasjon

ILLUSTRASJONSFOTO: Seks personar blei evakuert etter røykutvikling i ein bustad i Ålesund natt til onsdag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var like etter klokka 03.00 natt til onsdag at 110-sentralen i Møre og Romsdal melde om ei røykutvikling i ein kjellar i Skarbøvika i Ålesund.

Naudetatane rykte raskt ut til staden og seks bebuarar blei evakuert frå bustaden.

Røykutviklinga skuldast ein feil i eit sikringsskap og brannmannskap frå brannvesenet i Ålesund fekk raskt kontroll på situasjonen. Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore snakk om ei stor røykutvikling.

Ingen personar blei skadd, og dei evakuerte fekk flytte tilbake etter kort tid.