Hopp til innhold

– Nervane kjem nok når vi skal opptre for tusen personar

Drillpikenene frå Spjelkavik skolekorps ligg i hardtrening. 85 jenter frå heile landet dreg i helga til Europamesterskapet i Frankrike.

Spjelkavik skolekorps

Spjelkavik skolekorps sine drilljenter konkurrerer i EM for aller første gong.

Foto: www.bigtonfoto.no

Drillpikene i Spjelkavik skolekorps

Drillpikene i Spjelkavik ligger i hardtrening før konkurransen.

Foto: privat

1000 deltakarar møtast i EM Majorettes i Frankrike i helga. 12 drilljenter frå Spjelkavik skolekorps i Ålesund gler seg veldig. Dei har aldri konkurrert i utlandet før, sjølv om korpset har drilltradisjonar heilt tilbake frå 70-talet.

– Vi har ein litt annan stil enn drillpikene frå utlandet. Vi er vel meir tradisjonelle og har litt sånn 17. mai-stil, forklarar trenar Ida Kleiven Wågsholm.

Starta på 50-talet

Det finst to greiner av drill, korpsdrill og sportsdrill. Korpsdrillen står som oftast fremst i korpset og drillar til musikken. Det var på 50-talet at drillen kom til Noreg og i 1959 vart drillpikene med som ein del av 17. mai-toget. Det er berre sju år sidan Noreg deltok med landslag i EM for første gong.

Trenar seks timar i veka

Til saman er det 85 norske jenter frå heile landet som dreg til Frankrike. I kveld er det siste trening for drillpikene i Spjelkavik. Dei trenar seks timar i veka og no er det berre finpussen att.

– Akkurat no er eg ganske roleg, men somarfuglane i magen kjem til å dukke opp på flyplassen, ler Malene Magerholm.

Ho har drilla i snart 10 år og er lukkeleg over at hennar drilltropp klarte å kvalifisere seg til EM.

Nervøse

For ho og dei 11 andre jentene vert den aller viktigaste oppgåva i Franrike å vere samkøyrt og halde energien oppe under framsyninga. Å klare å styre nervøsiteten vert også viktig.

– Det er klart at nervane kjem til å kome når vi skal opptre for tusen personar. Men eg håper at vi gjer det bra, seier trenar Kleiven Wågsholm.

Dansar meir i utlandet

Ho ser at drillpikene frå andre land ikkje er så knytt opp til korpsmusikken, som ein er i Noreg. Dei dansar meir og mange av jentene har halde på sidan dei var fire-fem år.

– Vi har sagt at vi er nøgde, så lenge vi ikkje kjem på sisteplass, seier trenaren. Ho tippar at jentene vil kome midt på tabellen.