Hopp til innhold

Etterforskar mistenkjeleg dødsfall

Politiet på Nordmøre etterforskar eit mistenkjeleg dødsfall på Sunndalsøra, skriv Tidens Krav.

Sunndalsøra mistenkjeleg dødsfall

Det var Tidens Krav som søndag ettermiddag melde at politiet etterforskar eit mistenkjeleg dødsfall.

Det blei meldt inn eit mistenkjeleg dødsfall fredag. Ein mann i 50-åra er funnen på bopel på Sunndalsøra, og dødsårsaka er ukjent, stadfestar operasjonsleiar Øyvind Sund ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ifølgje Sund fekk politiet melding om den døde mannen fredag ettermiddag klokka 14, og rykte då straks ut med kriminalteknikarar. Sund seier han ikkje har informasjon om at det var spor etter kamp på staden, og ingenting elles som tyder på noko kriminelt.

Mannen blir truleg obdusert måndag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL