Hopp til innhold

Esel-babyen kan komme når som helst

På Hakalegarden i Vanylven går dei og ventar. Det renn mjølk frå juret til eselet Frøken Fryd, no kan den vesle komme når som helst.

Snart ny esel-baby på Hakkalegarden

Aina Moldskred Krakset og dottera Marit vil sørge for at Frøken Fryd får ein rolegare plass å vere dei neste dagane.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Eselet Frøken Fryd går enda litt rolegare enn vanleg på tunet på Hakalegarden i Vanylven.

– No trur eg det nærmar seg veldig, seier Aina Moldskred Krakset som driv besøksgarden ilag med mann og barn. Ho kjenner at det kjem mjølk frå juret til eselet.

– Men vi har hatt lange ventetider før, der vi har gått og trippa og trutt at no kjem det eit lite esel. Men så har det tatt meir tid. Vi får sjå.

På marka går det og ei geit som snart skal få sitt vesle kje. Det å få nye dyr på garden er noko av det aller kjekkaste synest Marit Moldskred Krakset. Ho har god erfaring med å passe dyra på garden.

– Eg gleder meg veldig, seier ho. No vil dei gi Frøken Fryd ein litt rolegare plass å vere, slik at ho kan få konsentrere seg om det som skal skje.

Viktig at både dyr og folk kjenner seg trygge

Det er no blitt ni år sidan dei starta opp besøksgarden, og mykje har skjedd sidan det.

– Vi trudde vi skulle satse på avl av dyr med eksklusiv pels, men slik ha det ikkje blitt, seier Aina.

Ho seier det er små kattungar og dei vanlege dyra på ein gard som barna er mest opptatt av. Det at dyra går fritt er det aller viktigaste, seier ho. Dei har no seksten typar dyr på garden, og det kjem stadig nye til.

Marit Moldskred Krakli

Bjarne og Karianne er to mammut-esel som har sin første sommar på garden. Marit gleder seg til at dei blir så tamme at ho kan ri på dei.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Seks år gamle Johannes Vattøy er ein av dei som er på besøk på garden. No har han fått sete på ei runde med hesten, og skal straks sete bak på lasteplanet til Gråtass-traktoren. .

Johannes Vattøy

Johannes Vattøy i blå jakke får sete fremst i hengaren, no skal dei køyre ei runde. Han bur nær Oslo-fjorden men har no reist til Vanylven på ferie.

Foto: Jannicke Farstad / Nrk

– Men det aller kjekkaste er å gi mat til grisane, seier han.

Ein geitebukk med ganske store horn kjem ruslande forbi, ein annan kjem etter. Og litt lenger borte spring ein hane forbi nokon som leiker, han vil gjerne hoppe oppå ei høne for å lage små kyllingar. Det er akkurat slik gardskjerringa vil ha det.

Dyra går fritt på Hakkalegarden

Når dyra går fritt må Aina rydde opp etter dei. Det er ein viktig del av jobben seier ho.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg føler meg trygg på at desse dyra ikkje vil skade noko, seier Aina. Mange av dei har vore her sidan dei blei fødde, og er vande med både folk og andre dyr.

Dyr som ikkje har eit godt lynne blir enten avliva eller flytta til ein meir egna plass, seier ho. Når dei no får eit nytt esel på garden, blir det tredje som Frøken Fryd bringar til gards.

– Vi er svært stolte av ho her, og veldig spente, seier Aina og klemmer ut enda litt meir mjølk frå jura til den vordane på tunet.

Snart fødsel på Hakkalegarden i Vanylven. Nytt esel er på veg.

Bli med inn på tunet på Hakkalegarden. Der møter du eselet Frøken Fryd som skal føde når som helst. Det er trede gong ho får føl på garden