Hopp til innhold

Elgfrykt i Molde

Folk i Nordbyen i Molde kvir seg for å gå i skogen fordi dei er redde for elg.

Elg
Foto: Lise Gro Andersen/NRK

Søndag blei ein 14 år gamal gut overraska av to store elgar som stod i gangvegen i bustadfeltet då han lufta hunden sin. 

Folk er redde

I november i fjor gjekk ei elgku til åtak på ei kvinne som var ute og jogga i lysløypa, og dette har sett ein støkk i folk. Det er foreldre som no nektar borna sine å gå til skogs, fortel far til guten som møtte elgane, Mathias Øvrebø. Han seier at frykta for elg avgrensar bruken av det fine turterrenget omkring Nordbyen.

Komen for å bli

- Elgen i Moldemarka er komen for å bli, seier viltansvarleg i kommunen, Nils Bjørn Venås. - Det er ikkje snakk om å utrydde all elg i marka, men det ein kan gjere, er å skyte dei dyra som viser avvikande åtferd, seier han.

Mathias Øvrebø er ikkje nøgd med dette, han meiner at dei elgane som går omkring ved husa må skytast.