Hopp til innhold

La ned krans ved ulukkesstaden

Måndag kveld samla folk seg for å leggje ned blomster og lys ved inngangen til Eiksundtunnelen.

Kranselegging Eiksundsambandet

HEIDRA DEI OMKOMNE: Mange var møtte fram for å legge ned blomster for dei omkomne etter ulukka søndag.

Foto: MMS- Gunnar Wiik

Arrangementet starta klokka 20 med at ei lang kortesje av bilar køyrde gjennom tunnellen for å heidre dei fem omkomne.

Tunnelen var framleis stengd for anna trafikk klokka 21, og ifølgje politiet var rundt 100 bilar med på markeringa.

Her kan du lese meir om ulukka i Eiksundtunnelen søndag kveld.

Markering etter ulukka

MØTTE FRAM: Om lag 100 bilar var i følgje politiet med i kortesja som gjekk gjennom Eiksundtunnelen for å heidre dei fem omkomne.

Foto: Gunnar Wiik

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL