Hopp til innhold

Kvinne funnen omkomen i brannruinar – mann sikta

Ei kvinne i 40-åra er funnen død i ei branntomt i Valldal på Sunnmøre. Ein mann i 60-åra er sikta.

Branntomt øvre Valldal

BRANNRUIN: Huset brann ned søndag kveld. Politiet driv framleis med tekniske undersøkingar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Den omkomne er ikkje identifisert, men politiet trur det er ei kvinne som vart meldt sakna søndag kveld. Dei pårørande til kvinna er varsla.

Kvinna skal vere i 40-åra og er busett i Ålesund, ifølge politiet.

– Ho vart meldt sakna i forbindelse med brannen, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Brannen var i ein bustad i Valldal, omlag 90 minutt å køyre frå Ålesund.

Ifølgje politiet er for tidleg å seie noko om dødsårsaka, men kvinna er sendt til Trondheim for å obduserast. Politiet håpar å få eit førebels svar på obduksjonen tysdag.

Branntomt øvre Valldal

Det var på måndag at politiet fann levningar på branntomta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Mann i 60-åra sikta

Seint søndag kveld vart ein mann arrestert av politiet.

– Ein mann i 60-åra er pågripen og sat måndag ettermiddag i avhøyr, seier Skovly.

Avhøyret av mannen blei etter kvart vart avbrote på grunn av at den sikta ikkje følte seg i stand til å fullføre.

– Vi skal fullføre så fort som mogleg, seier Skovly.

Den sikta mannen er tidlegare straffedømt, men Skovly kan ikkje seie kva han skal ha vore straffa for.

Skovly fortel at mannen er sikta for å ha forårsaka ein brann som lett kan føre til tap av menneskeliv, paragraf 355 i straffelova.

Tysdag fortel politiet i ei pressemelding at den sikta er varetektsfengsla fram til 27. desember, med brev- og besøksforbod.

Ifølgje politiet skal den avdøde ha ein relasjon til den sikta i saka.

Forsvararen til mannen, Reidar Andresen, ønskjer ikkje å kommentere noko rundt siktinga til NRK.

Politijurist Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Yngve Skovly er politijurist ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Går kaldt nedover ryggen

Ein av naboane som bur i nærleiken av branntomta seier det som har skjedd er frykteleg trist.

– Det går kaldt nedover ryggen på alle som bur her, seier naboen.

Han seier dei er prega av det som har skjedd. Naboen har sjølv vore i avhøyr med politiet i ettermiddag.

Meldte først om ingen omkomne

Politiet meldte først om brannen klokka 20.24 søndag kveld. Då var huset overtent, og det brann ned i løpet av kvelden. Politiet opplyste at ein mann var i huset og at han hadde tatt seg ut på eiga hand.

– Den omkomne vart funnen i brannruinane måndag, seier Skovly.

Politiet opplyser vidare om at undersøkingane på branntomta er krevjande på grunn av tilstanden på åstaden og at arbeidet difor vil ta tid.

Ventar på svar frå obduksjon

Dødsårsaka til kvinna er ikkje kjend, og politiet er i full gang med etterforskinga for å få svar på kva som skal ha skjedd.

– Vi fortset med vitneavhøyr, og ventar på svar frå obduksjonen tysdag som er viktig, seier Skovly.

I tillegg vil politiet halde fram med tekniske undersøkingar på branntomta.