Hopp til innhold

Ein mann død i arbeidsulykke i Molde

Ein mann i 40-åra omkom i samband med løfting av eit betongelement i Molde fredag.

Arbeidsulykke ved Glamox i Molde

Politiet undersøker no kva som var årsaka til arbeidsulykka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ulykka skjedde på eit byggeområde aust for Molde sentrum.

– Eit betongelement losna og ein person fekk det over seg, seier operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Tor André Gram Franck.

operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Tor André Gram Franck.

Operasjonsleiar i politiet Tor André Gram Franck seier den avdøde vart treft av eit betongelement.

Foto: Remi Sagen / NRK

Elementet veg fleire tonn og mannen omkom på staden. Arbeidstilsynet er varsla.

Den avdøde mannen er i 40-åra, og kjem frå Trøndelag.

Undersøker årsak

Innsatsleiar i politiet, Paal Greger, seier dei jobbar med å finne ut av nøyaktig kva som har skjedd.

– Det har dessverre vore ei tragisk arbeidsulykke med eit dødeleg utfall. Vi veit ikkje den nøyaktige årsaka til ulykka endå, men vi etterforskar det.

Paal Greger innsatsleder politiet.

Innsatsleiar i politiet, Paal Greger, seier dei undersøker årsaka til ulykka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ber vitne ta kontakt

Politiet ber no vitne som kan ha sett noko om å ta kontakt med dei.

– No har kriminalteknikar kome til staden for å hjelpe til oss. Vi avhøyrer vitne, og ber andre som har sett noko om å ta kontakt med politiet, seier Greger.

Arbeidsulykke i Molde

Ulykka skjedde på uteområdet til bedrifta Glamox i Molde, men er ikkje tilknytt denne bedrifta.

Foto: Roar Strøm / NRK