Hopp til innhold

Dømt for seksuelle overgrep

Ein mann frå Romsdal er dømt til seks månaders fengsel for seksuelle overgrep mot ei jente under 16 år.

Dom i Borgarting Lagmannsrett.
Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det går fram av ein dom frå Romsdal tingrett.

Det var i 2014 mannen i 50-åra mellom anna tok på ei 15 år gamal jente, både over og under kleda, fleire gonger.

Seksualiserande bilete

Mannen erkjente seg delvis skuldig då saka mot han starta i Romsdal tingrett i november i år.

Den då 15 år gamle jenta var elev ved ein skule i Romsdal der mannen jobba.

Det var jenta som sjølv melde frå om handlingane til ein lærar ved skulen. Mannen nekta straffskuld for dette tiltalepunktet.

Misbrukte stillinga si

I dommen frå Romsdal tingrett går det fram at dei to har hatt kontakt på mobil og gjennom sosiale medier. Mannen sende også intime bilete av seg sjølv til jenta, og skal også ha mottatt seksualisete bileter av jenta der ho var halvnaken. Mannen erkjente straffskuld for dette under rettssaka.

Retten legg særleg vekt på at mannen grovt misbrukte stillinga si og at han utnytta eit tillits- og avhengnadsforhold til ei særleg sårbar ung jente.

I tillegg til dommen på seks månader må mannen betale 50.000 kroner i erstatning til jenta og sakskostnadene.