Hopp til innhold

Dømd for å ha filma stedottera (15) i dusjen og på do over 900 gonger

Stefaren hevda i retten at han berre ville passe på dottera, og difor sette opp filmkamera i dusjen og på toalettet. No er han dømd for å ha overvaka både jenta og venninnene.

Molde politistasjon

Mannen som er dømd i tingretten forklarte i politiavhøyr at han øydela fleire av kamera han hadde brukt då han forsto at det kunne bli ei politisak.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var mora til ei venninne som slo alarm, då stedottera fann videokamera på soverommet og på badet heime. Då politiet slo til, fann dei ein bærbar pc full av naken-videoar og bilde. Flesteparten var av stedottera, men fleire av venninne kunne også gjenkjennast. Opptaka viste jentene heilt og delvis nakne på toalett og badet.

No er stefaren dømd til fengsel i sju månader og til å betale henne 100 000 kroner.

– Ho er veldig glad og fornøgd med resultatet, og at retten er samd med henne og politiet i at handlingane han har gjort, skal straffast, seier bistandsadvokat Marina Opstad.

Mannen sin advokat skriv i ein sms til NRK at dei førebels ikkje har gått gjennom dommen og tatt stilling til anke.

Marina Opstad

Bistandsadvokat Marina Opstad seier jenta er glad for utfallet av rettsaka i Møre og Romsdal tingrett nyleg.

Foto: Einar Engdal

Fann over 900 filmar

Då politiet undersøkte pcen til mannen i Møre og Romsdal nøyare, fann dei over 900 filmar av stedottera, som dei meiner er ulovlege. Filmane er tatt opp på badet, toalett og soverommet.

Jenta forklarte seg i retten om at oppdaga fleire av kamera som stefaren installerte. Eitt var plassert i ei pappkasse på rommet hennar, eitt anna inne i tv-en hennar. Også i taket på dusjen fann ho kamera.

Ein gong skal han ha filma henne i badekaret ved hjelp av eit kamera plassert i ei toalettmappe.

Sjølv forklarte stefaren at han fleire gongar bytta kamera, enten fordi stedottera oppdaga dei, eller fordi dei blei øydelagde. Han sa også at han øydela fleire kamera, då han forsto at det kunne bli ei politisak.

Hevda han ville passe på

Mannen har vedgått det meste han er skulda for, men forklarte både i politiavhøyr og i retten nyleg at han berre ville passe på jenta. Han frykta at ho skulle ta nakenbilde av seg sjølv og sende til andre. Han var også redd for at ho kunne stikke av om natta, og forklarte at han hadde høyrt at det luska folk rundt i nabolaget.

Han forklarte også at han var redd for at jenta skulle gjere seg noko, fordi ho hadde gitt uttrykk for at ho var deprimert.

La først vekk saka

Trass i dei omfattande bevisa, og trass i at stefaren vedgjekk mesteparten av det han var tiltalt for, la Statsadvokaten i Møre og Romsdal vekk saka i fjor. Etter klage frå bistandsadvokaten bestemte Riksadvokaten at saka skulle takast opp igjen.

No er retten komen til at det stefaren har gjort er svært grovt og klanderverdig. Han har krenka henne alvorleg ved å filme henne og venninnene og behalde filmane. Han er også dømd for å ha tatt seg inn på mobiltelefonen hennar.

I tillegg til sju månaders fengsel, må han betale 100 000 kroner.