Hopp til innhold

Dialogmøte utan nordmørskommunar

Gjemnes er den einaste kommunen av nordmørskommunane som har sagt opp avtalen sin med Helse Møre og Romsdal, som i dag skal vere med på dialogkonferanse med føretaket i Molde. Rådmann Birgit Eliassen i Gjemnes, syns ikkje det er sjølvmotsigande at dei er med på dialogmøtet, sjølv om dei har sagt opp avtalen. – Vi er med av eigen fri vilje, og skal fortsette å samarbeide med helseføretaket, sjølv om vi har sagt opp samarbeidsavtalen, seier Eliassen.

Birgit Eliassen, portrett
Foto: Sissel Brunstad / NRK