Turistnæringa har blitt svært viktige i mange norske bygder, men masseturismen slit også på fleire av dei mest kjente destinasjonane her til lands.
I dag kom Næringskomiteen på Stortinget med si innstilling til eit besøksbidrag, også omtalt som turistskatt.
Dei foreslår eit besøksbidrag i Longyearbyen og ei cruiseavgift i heile Noreg, fortel saksordførar i næringskomiteen Bengt Rune Strifeldt (Frp) til NRK.
Ville sende saka tilbake
Frp var det einaste partiet som gjekk imot innstillinga. Dei meinte at heile saka burde bli sendt tilbake til regjeringa.
– Då hadde ein fått vurdert alle løysingane grundig og greie ut konsekvensane før Stortinget vedtek ei lov som påverkar heile turistnæringa, seier Strifeldt.
Bengt Rune Strifeldt meiner at det hadde vore feil å vedta ein hotell- og overnattingsskatt.
Foto: Jonas Løken EstenstadAlfred Bjørlo næringspolitisk talsperson i Venstre kallar vedtaket ein milepæl.
Rasmus Hansson i MDG seier det er positivt at det blir innført ei avgift på cruise, men at ein manglar gode planar for korleis ein skal sikre at turismen ikkje går utover lokalsamfunna og naturen si toleevne.
– Dags- og bubilturistar legg også press på natur, infrastruktur og tenester i kommunane.
Geiranger blir kvart år besøkt av store mengder turistar.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKErling Sande (Sp), leiar av næringskomiteen, meiner at ei overnattingsavgift i heile landet hadde slått dårleg ut for mange.
– Vi har heile vegen meint at vi må ha ein modell som treff dei kommunane der det er behov, og som møter dei faktiske utfordringane lokalt.
Saka skal bli behandla på Stortinget neste veke.
Vil ha eit alternativ for Nord-Norge
Fleire kommunar i Nord-Norge har etterspurt ein skatt, som følge av ein stor turistvekst dei siste åra. Der er fleire skuffa over dagens innstilling.
Erling Sande seier dei skal jobbe vidare for å få eit fleirtal på Stortinget for at ei overnattingsavgift eller andre bidrag skal vere eit alternativ for Tromsø-regionen og kommunane i Lofoten, som har ønska ein slik skatt.
Geir Jørgensen frå Rødt håper regjeringa kjem på banen før saka skal opp.
– Slik at ein får på plass ein avtale slik at nordnorske kommunar kan innføre ein skatt som europeiske byar og turistdestinasjonar har hatt i ei årrekke.
Geir Jørgensen, stortingspolitikar for Rødt frå Nordland og medlem av næringskomiteen.
Foto: Dan Robert LarsenUlike forslag
Dei siste åra har Noreg blitt eit stadig meir populært reisemål. Ifølge regjeringa blei 2024 eit rekordår for norske overnattingsverksemder med over 38 millionar besøkande.
Men masseturismen har sine ulemper. Meir slitasje i naturen, forsøpling, turistar som bæsjar i hagar og ein infrastruktur som ikkje taklar alle dei besøkande.
Fleire turistkommunar har etterspurt ein skatt i Noreg, men det er stor usemje i korleis denne bør sjå ut.
Regjeringa har sidan november i fjor kome med fleire forslag. Desse har møtt motstand frå reiselivsnæringa og opposisjonspartia.
Avviser nederlag
For å imøtekome desse foreslo næringsminister Cecilie Myrseth og Ap si stortingsgruppe å først starte med ein turistskatt i Nord-Norge og for cruisetrafikken.
No har dette forslaget blitt skrota.
Myrseth avviser at det er eit nederlag. Ho seier dei var klar over at dei ikkje hadde fleirtal på Stortinget, men at det var viktig for dei å fremje ei sak på dette.
– Det hastar å få på plass eit besøksbidrag som kommunane frivillig kan velje om dei vil innføre.
Ho vektlegg at dei har prøvd å lytte til behova, særleg i Nord-Noreg. No håper Myrseth at dei andre partia vil vere open for dei tilbakemeldingane som kjem frå turistnæringane nord i landet.
– Forslaga vi har kome med i Stortinget er gode kompromiss, som eg håper vi kan snakke vidare om fram til måndag.
Næringsminister Cecilie Myrseth seier dei vil jobbe vidare med eit besøksbidrag.
Foto: Tore Linvollen / NRKTuristane er delte
Geiranger er eit av reisemåla som har store mengder besøkande kvart år.
Susan og Brian Fletcher frå England er på cruise og stoppa innom turistbygda i dag. Dei har forståing for at enkelte plassar ser seg nøydd til å innføre turistskattar.
– Det er viktig å beskytte miljøet, men ein kan også tape på det økonomisk ved at nokre bestemmer seg for å ikkje kome. Så ein må vege dei ulike alternativa opp mot kvarandre, seier Susan.
– Hadde det stoppa deg mot å kome hit?
– Det kjem an på skatten. Men mange land gjer det same, så det er ikkje berre Noreg, seier ho.
Ekteparet Susan og Brian Fletcher kjem frå Cornwall i England. Dei bur også på ein plass som blir besøkt av mange turistar og meiner det kan vere positivt for økonomien.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKCruiseturist Hugh Somirville frå Skottland ser behovet for å innføre ein slik skatt.
– Det er nok ein god ide, sjølv om det kan føre til færre turistar. Pengane kan kanskje brukast til å betre fasilitetane, seier han.
Også Dawid Kuchno frå Polen hadde tatt turen til Geiranger tysdag. Sjølv om han har reist med buss og ikkje cruise, er han negativ til forslaget om ein skatt.
– Noreg er ikkje eit billig land for turistar, vi bruker allereie mykje pengar på mat, drikke og suvenirar.
Dawid Kuchno frå Polen har dei siste dagane reist rundt i Noreg. – Det eg har likt best var å sjå fjordane, vi har ikkje noko slikt i Polen, seier han.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
– Ein start
Katrin Blomvik Bakken er direktør i Geirangerfjorden verdsarv.
Ho seier at ei cruiseavgift vil kunne gi kommunen meir handlingsrom, men at det ikkje løyser alle utfordringane som turistbygda har med infrastruktur, fasilitetar, parkering, vegar og å bevare verdsarvområde.
– I tillegg til cruiseturistane så er det ganske mange dagsreisande som besøker område vårt. Og då er det ikkje alle som bidreg til å finansiere dei felles goda.
Katrin Blomvik Bakken håper det vil kome ei meir omfattande avgiftsordning for enkelte pressområde.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKBlomvik Bakken meiner det er ein start å innføre ei cruiseavgift, men at det må meir til.
– Det å få ein skatt på dagsbesøk er heilt klart eit mål. Vi meiner at ein bør legge ein skatt på ferdsel inn og ut av eit geografisk avgrensa område.
– Vi håper at ein kan sjå moglegheitsrommet til å finne ein meir heilskapleg modell for utvalde pilotområde og pressområde her i landet, legg ho til.
– Siger for reiselivet
Ole Michael Bjørndal, fagdirektør for næringspolitikk i NHO Reiseliv, kallar dagens vedtak for ein stor siger for reiselivet.
– Dette er ei rettferdig løysning. Reiselivet på fastlandet betaler allereie mykje i skattar og avgifter. Vi er glade for at Stortinget ikkje gjer skattebyrda endå større.
Svært mange små og mellomstore medlemsbedrifter rundt omkring i landet er veldig glade og letta i dag, seier han.
– Stortinget sitt nei til hotellskatt gjer at vi ikkje svekker konkurranseevna vår opp mot våre naboland, seier Bjørndal.
Foto: Per Sollerman / NHO