Hopp til innhold

Utlendingar tilbake på norske hotell: – Det har vore ein fantastisk sommar

Junistatistikken viser at ein firedel av gjestane på norske hotell var utanlandske. Svak norsk krone betyr at fleire tek seg råd hotellovernatting.

Mila Andersson sitter på en murkant. Hun har på seg en hvit genser med blå striper. På den ene hånda har hun armbånd på den andre ei klokke. Bak henne ser du Moldefjorden.

FERIERER I NOREG: Mila Andersson synest det er fint å vere turist i Noreg.

Foto: Mari Aandahl Kippernes / NRK

Mila Andersson og Johan Magnuson frå Stockholm er to av dei som har valt å leggje sommarferien til Noreg.

– Det er kjekt å vere turist her. Folk er vennlege og dei ler veldig mykje. Det gjer vi ikkje i Sverige, vi er meir seriøse. Her er dei kjempetrivelege, seier Andersson.

Magnuson trur den svake norske krona er noko av grunnen til at fleire turistar vel å bu på hotell.

– Det blir nok meir attraktivt, om ikkje ville kanskje folk valt vandreheim eller camping, seier han.

På bilde ser du Molde Fjordhotell. Det ligger helt i vannkanten, og ved brygga ligger det flere båter.

SUKSESS: Molde Fjordhotell har hatt gode resultat så langt i år. Hotellsjefen trur renoveringane dei har gjort har ført til at dei treffer ei målgruppe som legg igjen meir pengar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Nesten dobling

Ved Molde Fjordhotell har dei hatt ein god sommar.

– Det har vore ein fantastisk sommar. Heile verda kjem på besøk igjen, og det er auke på alle frontar, seier Roy Heggdal.

Hotellsjefen på Molde Fjordhotell, snakkar om korleis sesongen har vore så langt.

Ifølgje Heggdal har hotellet hatt ein auke på 40 prosent i talet på besøkjande samanlikna med i fjor.

– Det har vore eit høgt trykk over lengre tid, og det eskalerte skikkeleg i sommar, seier han.

Styreleiar i Classic Norway, Erik Berg, seier at alle hotella deira har opplevd auke i talet på besøkjande. Han trur dei utanlandske gjestane har bidrege til ein vekst på minst 25 prosent.

Erik Berg og Roy Heggdal står med kaffekoppen i hånda midt oppe i en trapp.

Classic Norway har 24 hotell rundt om i landet. Erik Berg fortel at mange nordmenn har reist til utlandet i år, men at dei er meir enn erstatta av utanlandske gjester.

Foto: Roar Strøm / NRK

Utlendingane er tilbake

Classic Norway hotella er ikkje åleine om å oppleve ein auke av utanlandske gjester.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ein kraftig auke av utlendingar som søv på hotell i Noreg. I juni var det totalt 2,7 millionar hotellovernattingar i Noreg, og heile 832.000 av desse var utanlandske. Det er ein oppgang på 18 prosent frå året før.

Arbeidsgivarorganisasjonen NHO Reiseliv merkar at det har vore ein god sommar for dei fleste av medlemmane deira.

– Den største forskjellen frå i fjor er at utlendingane er tilbake. I fjor var det framleis postpandemi-stemning, men i år er vi nok meir tilbake til det som var normalt før pandemien, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Adm. direktør NHO Reiseliv,
Kristin Krohn Devold

Administrerande direktør i NHO Reiseliv: Kristin Krohn Devold.

Foto: Oda Hveem / NHO Reiseliv

Aina Aalen Bjerkvik, som er direktør på Quality Hotel Waterfront i Ålesund, fortel at dei også opplever ein auke av utanlandske turistar.

– Eg har ikkje fått statistikken endå, men det har vore fleire utanlandske i år enn i fjor, seier ho.

– Er det ein nasjon som skil seg ut?

– Vi ser ein auke av amerikanarar, og det er veldig gledeleg, for dei bruker mest pengar, svarer ho og ler.

Quality Hotel Waterfront

Quality Hotel Waterfront har også hatt mange utanlandske gjester i år.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Dei rømmer frå varmen

Både Roy Heggdal og Aina Aalen Bjerkvik trur den svake norske krona bidreg til at fleire utlendingar vel Noreg som feriemål.

Men Bjervik trekkjer også fram ein annan faktor:

– Akkurat no handlar det også om temperaturar i resten av Europa. Det høyrer eg frå turistane som kjem hit, dei rømmer frå varmen og skogbrannane, seier ho.