– Kan eg stemme?
Det var spørsmålet til Mariam Fahad første gong ho opplevde at det var val i Noreg.
Fleire med innvandrarbakgrunn i Noreg kjem frå land der demokrati og frie val er ein fjern ide.
Ved førre fylkesting- og kommuneval brukte berre halvparten av dei med innvandrarbakgrunn stemmeretten sin.
– Mange innvandrar trur ikkje på demokrati. Når dei høyrer ordet demokrati, tenker dei på korrupsjon, forklarar Fahad som opphaveleg kjem frå Sierra Leone i Afrika.
Ho har budd i Florø i Vestland i tolv år og blei glad då ho oppdaga at stemma hennar faktisk blir høyrd under eit val.
– Eg følte meg mykje meir integrert i samfunnet, seier ho.
Det er ikkje alltid like enkelt å vite korleis dei ulike vala fungerer. Ellen Karin Moen svarer på tinga fleire har spurt om.
– Informasjon er nøkkelen
Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har den siste tida reist rundt til fleire kommunar for å fortelje si historie og oppmode alle til å bruke røysta si.
– Mange av oss som har flykta frå krig og ikkje-demokrati har kome til verdas beste land, og då er det viktig å bruke stemmeretten sin, seier han.
Stortingspresidenten håpar at hans historie kan få fleire med innvandrarbakgrunn til å engasjere seg i politikk og val.
Foto: Steinar Lote / NRKHan gleder seg over at røystelokala har blitt meir synlege.
– Det handlar om å minne folk på kor viktig stemmeretten er, og hjelpe dei med korleis dei gjennomfører eit val.
Han viser til to bydelar i Fredrikstad, der nye røystelokale har auka valoppslutnaden med 7–10 prosent i to bydelar.
Vil ha meir mangfald i kommunestyret
I Kinn kommune i Vestland var valdeltakinga 62 prosent ved førre val, noko som har fått ordførar Ola Teigen (Ap) til å omtala situasjonen som alvorleg.
Også her er valdeltakinga blant innvandrarar låg.
– Det er vårt ansvar som politikarar å engasjere innvandrarar til å ta del på den demokratiske arenaen, seier Teigen.
Teigen trur og håpar at forteljinga til stortingspresident Masud Gharahkhan kan inspirere fleire med innvandrarbakgrunn til å bli synlege i politikken, og slik auke valdeltakinga.
– Vi ønskjer å få fleire innvandrarar i kommunestyret. I dag er det ingen mørkhuda som sit der, seier ordføraren.
Han håpar frivillig innsats kan vere ein inngang til politikken.
– Om vi kan bygge eit fellesskap der alle er samla på same arena gjennom idrett og kultur, er det ein god måte integrere folk på og som seinare kan resultere i at dei deltek i det politiske ordskiftet.
– Kan eg stemme? Det var spørsmålet til Mariam Fahad første gong ho opplevde at det var val i Noreg.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK