Hopp til innhold

Alle berga ut etter at buss velta i Sande

Ein buss velta ved Almestad i Gursken i Sande kommune i 09.30-tida, men ingen av dei åtte i bussen blei skadde.

Bussvelt på Almestad i Gusken

Bussen skred av veien og veltet på den flatestrekningen på Almestad

Foto: Tore Tangen Almestad

Politiet og det lokale brannvesenet ventar no på at ein kranbil skal få den velta bussen opp frå marka, der han ligg på nersida av riksveg 61 i Gursken.

Det var sju passasjerar og ein sjåfør i bussen. Dei er i alderen 15 til 80 år.

Ein annan buss har og kome til staden, og politiet fekk raskt melding om at det ikkje var personskade.

Velta buss

Brannvesenet og politiet er på staden i Gursken fredag formiddag etter at ein buss velta.

Foto: Tore Almestad

Passasjerane blei plasserte i den andre bussen.

Ulykka skjedde på ei rett strekning mellom Almestadkiosken og Vågen, på riksveg 61.

Like før klokka ti var både brannvesenet og helsevenet framme på staden, og passasjerar blei tatt hand om.

Ifølge politiet er det roleg på staden. Alle passasjerane blei sjekka av lege på staden, og dei verkar uskadde.