Hopp til innhold

Burettslaget vil kaste ut Vidar fordi han røyker

ÅLESUND (NRK): Naboar kjenner seg så plaga av røyklukt frå leilegheita til Vidar at dei har gått til rettssak. – Dei har sarte nasar, svarar Vidar Antonsen.

Vidar Antonsen kan bli kasta ut av leilegheita fordi han røyker

Vidar Antonsen har røykt sidan han var 16 år, og meiner at han har rett til å røyke i si eiga stove.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I eit blått leilegheitshus i Ålesund sit 51-åringen godt planta i sofaen. Med rutinerte fingrar lagar han seg ein rullings. Det er nettopp denne vanen som har gjort naboane fortvila.

Dei meiner at røyklukta siv inn til leilegheitene deira og i fellesareal, og no har dei saksøkt Antonsen og vil tvangsselje leilegheita hans.

– Retten til å få røyke i eiga stua er ei privatsak, seier Antonsen.

Flytta på grunn av røyklukt

Det synest ikkje naboane. Ein nabo skal ha opplevd røyklukta som så plagsam at han til slutt flytta. Naboar hevdar at røyken siv ut i oppgangen, opp på loftet og inn i leilegheitene deira. Verken styret i burettslaget, naboar eller advokaten deira vil kommentere saka.

Ifylgje stemninga meiner burettslaget at Antonsen mislegheld pliktene sine. Difor krev dei tvangssal.

I tillegg til røyking blir Antonsen skulda for bråk, rot og ufin framferd. Men røykinga er hovudårsaka til kravet om tvangssal.

Lov å røyke i sin eigen heim

Ola Fæhn

Ola Fæhn er dagleg leiar og jurist i Forbrukrukeradvokaten.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Både nabolova, burettslagslova og sameigelova har bestemmingar om at ein ikkje skal påføre naboen ulempe.

Jurist Ola Fæhn i Forbrukeradvokaten seier at røyking ikkje er misleghald av burettslagslova.

– Eit burettslag kan ikkje kaste ut nokon som røyker heime hos seg sjølv. Røyking i private heimar er lovleg, seier Fæhn.

Paragrafen om misleghald kan brukas når bebuarar bråkar og lagar mykje trøbbel for naboane, ifylgje Fæhn.

I 2019 blei 43 Obos-leilegheiter tvangsselt gjennom dom. Røyking har aldri tidlegare vore hovudgrunnen til krav om tvangssal, opplyser Obos.

Dei meiner likevel at skade eller ulempe frå røyking prinsipielt ikkje skil seg frå anna misleghald.

Sarte nasar

Vidar Antonsen fekk hjarteinfarkt i 2010 og er ikkje i jobb. Det blir mange timar framfor tv-en og nokre spaserturar. 51-åringen meiner at dersom røyken siv inn i dei andre leilegheitene må det skuldast byggkonstruksjonen og at ytterdøra ikkje er tett.

– Det kan vere at naboane har sarte nasar, seier Antonsen. Han kjenner seg heller ikkje att i påstandane om bråk og rot.

Uansett korleis det går i rettssaka, vil han ikkje bli buande i leilegheita i Ålesund. Røykesaka har forsura forholdet til naboane.

– Eg håper at eg kan selje leilegheita mi sjølv på den opne marknaden og at det ikkje blir tvangssal, seier Antonsen. Det er venta dom i saka om få dagar.

Vidar Antonsen

Vidar Antonsen vil flytte frå leilegheita si etter denne saka. Han håper at han får selje den sjølv og unngår tvangssal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL