NRK Meny

Brukte ikkje bilbelte

I Volda oppstod det ein samanstøyt mellom to bilar like etter midnatt. Årsaka skal ha vore eit brot på vikeplikta, fortel operasjonsleiaren for politiet på Sunnmøre. Dei tre personane som var involvert i ulukka blei frakta til legevakt for sjekk. – Den eine bilføraren skal ikkje ha brukt setebelte og slo hovudet sitt under samanstøyten. Det skal ha vore snakk om lettare skader, seier operasjonsleiaren.