Hopp til innhold

Britisk ektepar omkom

Eit britisk ektepar omkom i trafikkulykka i Molde torsdag morgon. Dei omkomne er John Sidney Potter (51) og Helen Ann Potter (47).

Trafikkulykke i Årødalen i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK

Ulykka skjedde like før klokka sju torsdag morgon på riksveg 64 i Årødalen. Ein lastebil og ein personbil kolliderte, og ekteparet i personbilen omkom på staden. Politiet har førebels ikkje konkludert med årsaka til dødsulykka.

Les også:

To drept i ulykke

Ifølgje Romsdals Budstikke har paret vore busett i Molde, medan John Sidney Potter har hatt ei leiande stilling på Moxy i Fræna. Paret etterlet seg to barn.

- Det tok tid før vi hadde sikker identitet på kvinna, og det har tatt tid å varsle pårørande i England, seier etterforskningsleder Arild Angen til Rbnett torsdag kveld.