Hopp til innhold

Brannvernssamarbeid i fylket

Før sommaren skal åtte kommunar frå Nordmøre og Romsdal ta stilling til om dei ønskjer å delta i eit brannvernssamarbeid. Kommunane Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Aukra, Midsund, Nesset, Rauma og Molde har dei siste månadene deltatt i ei utgreiing, der målet har vore eit felles brannvesen. Det nye selskapet skal organiserast som eit interkommunalt selskap, med hovudkontor i Molde. – Eit større fagmiljø på beredskap, brannførebygging og feiing og tilsyn med fyringsanlegg vil gi innbyggjarane betre og meir profesjonelle tenester. Vi er ikkje i tvil om at et samarbeid på tvers av kommunegrensene er vegen å gå, seier brannsjef i Molde, Alf Magne Smørholm.

Kommunesamarbeid, brannvern