Hopp til innhold

Brannmann skadd

Dei fire som sat i ein bil som køyrde av vegen ved Haddal i Ulstein kom alle uskadde frå det. Då nødetatane kom til staden blei ein brannmann påkøyrt av ein annan bil. Brannmannen hadde smerte i ein fot, og blei køyrt til legevakta. Det er oppretta sak på hendinga der brannmannen blei påkøyrt.