Hopp til innhold

Borer etter vatn

Brønnboring er i gong for å få vatn til Torvikbukt, som har måtte spare på vatnet frå den lokale kjelda denne veka.

Torvikbukt
Foto: Anders Orset

Tidlegare i veka måtte Torvik Vassverk be alle innbyggjarane i Torvik om å spare det dei kunne på vatnet, skriv Romsdals Budstikke.

Kulda har gjort tilsiget til den lokale vasskjelda så dårleg at tankbilar i periodar har måtte køyre skytteltransport med vatn til bygda. No er det satt i gong brønnboring for å finne ei reservekjelde til slike situasjonar, i følgje Torvikbukta.no.

Vassverket trur det har oppstått vasslekkasje og natt til søndag vil dei stenge vatnet i bygda for å leite etter feilen.

Innbyggjarane må difor la krana stå i fred frå klokka elleve laurdag kveld til klokka sju søndags morgon, skriv Torvikbukta.no.