Hopp til innhold

Bli med til Hattfjelldal

Søndag kveld kan du møte Siri Kobberød og dei andre som bur på småbruket Sæterstad i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Siri på Sæterstad
Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Byguten Knut Kastnes realiserte bondedraumen då han kjøpte det avsidesliggande småbruket.

Husa var halvt falleferdige då han tok over. Etter ei omfattande restaurering er det no både geitehald og røyeoppdrett i garden.

Over 1 million sjåarar

Det er sjuande året Oddgeir Bruaset til TV-sjåarane med til avsidesliggande gardar. Dette er tydelegvis noko som fell i smak. Sist søndag var det over 1,2 millionar nordmenn som benka seg framfor TV-apparatet.

Tid til å tenke

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu har blitt stadig meir populær med åra. Bruaset seier til NTB at han trur noko av årsaka til dette er at serien har blitt flytta frå november/desember til januar/februar. I tillegg meiner han at mange har blitt leie av realityseriar med konstruerte konflikter.

Tempoet i TV-serien er saktare enn i mange andre program. Bruaset seier at dei gjer dette for at folk skal få meir tid til å tenke.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu går på NRK1 klokka 20.15 søndag. Programmet går i reprise klokka 19.30 på NRK2 dagen etter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL