Bli med inn i snø-hotellet

Dei har brukt seks millionar kroner. Men for kvar sesong smeltar hotellet og blir borte. Opplevinga er det viktigaste. Men i år skal det også gå i balanse økonomisk.

Video SNØHOTELL PÅ BJORLI

Laurdag opnar snøhotellet på Bjorli for fjerde gong. Det står ikkje langt frå hovudvegen på Bjorli og framstår nærast som eit kunstverk i snø og is.

Peder Istad

Det er iskunstnaren Peder Istad som står for utforminga av snøhotellet.

Foto: Roar Strøm / NRK

Erik Berg

Erik Berg har brukt mykje pengar på snøholtellet. - Men det skal vere moro også, seier han.

Foto: Roar Strøm / NRK
Snøhotell Bjorli des 2010

Det vert ei heilt spesiell stemning inne i snøholtellet.

Foto: Roar Strøm / NRK
Snøhotell Bjorli

I dag var det inspeksjon på snøhotellet på Bjorli.

Foto: Roar Strøm / NRK
Snøhotell Bjorli

Kuldeopplevinga er noko av sjarmen ved eit slikt hotell.

Foto: Roar Strøm / NRK
– Det iskunstnaren Peder Istad gjer at eg gler meg som ein liten unge etter å få sjå det, seier investor Erik Berg, som er styreformann i Classic Norway.

– Det skal vere litt gøy

Sjølv om mange har vore innom og fått seg ei oppleving der, har det til no vore eit økonomisk underskots-prosjekt. Og det er ikkje småpengar som skal få til for å reise dette forgjengelege hotellet år etter år.

– Det er sabla dyrt. Men det er no artig også. Ein skal no ha det litt gøy også. Livet er ikkje berre puging, seier Erik Berg.

– God marknadsføring

Trass i at prosjektet så langt har gått med underskot, trur bakmennene at hotellet har vore god marknadsføring av vintersportstaden Bjorli.

– Vi vonar at Bjorli skal få større merksemd. Dette vil i så fall gje større omsetnad ved hotellet totalt sett. I år skal vi også kome meir enn i balanse, seier Berg.

Ny utforming på hotellet

Dei fleste hotell ser like ut frå det eine året til det andre. Slik er det ikkje med snøhotell som dette. Slike hotell smeltar jo og blir borte. Og der ein er riktig heldig, dukkar det opp att til neste vinter. Og då kan det bli bygd i ei heilt anna drakt enn det førre. Slik er det nettopp med snøhotellet på Bjorli.

– Eg tykkjer det er endå betre det iskunstnar Peder Istad har gjort i år. Det er laga ein rundgang rundt, slik at ein slepp å gå inn og utatt same vegen. Dette blir ei oppleving heile vegen, seier Erik Berg.