Mange besøkande
Rundt åtte tusen personar var innom snøhotellet som i vinter har stått på Bjorli. Dette saman med eit bra belegg gjer at Classic Norway Hotels har bestemt seg for å byggje nytt hotell komande vinter.
Nytt kapell
I tillegg til hotellet er det bygt eit kapell som har vore flittig brukt, og også dette skal byggjast opp på nytt. Sals og marknadssjef Trond Jansen seier at det alt no er tinga plass både for barnedåp og bryllaup til vinteren.