Hopp til innhold

Bles seg til bronse

Molde Brass Band overraska seg sjølv med tredjeplassen i NM.

Brass 2009
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Rett etter klokka ti laurdag kveld blei Molde Brass Band kåra til Noregs tredje beste brassband i Grieghallen i Bergen.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag vann konkurransen, medan Oslo Brassband kom på andreplass.

Håper på betre rekruttering

Dagleg leiar Ingrid Sand Faksen i Molde Brass Band seier at tredjeplassen var uventa. No håper ho på at fleire ynskjer å bli med i brassbandet.

- Det er annleis for oss enn dei brassbanda som held til i dei store byane. Dei har fleire korps dei kan rekruttere medlemmer frå. Det er lang færre som driv med korps i vårt område. No håper eg det er fleire som vil spele ilag med oss, seier ho.

Molde Brass Band mottok pokal og ein sjekk på 7000 kroner frå Norsk Noteservice.

Femteplass til Tomra

I førstedivisjon tok Tomra Brass Band femteplassen medan Ørskog Brass kom på tiande.

I tredjedivisjon tok Frei Hornmusikk andreplass medan Fræna Musikkorps kom på fjerde.

I fjerdedivisjon kom Harøy Musikklag på plass nummer 16.

Resultata frå NM