Hopp til innhold

Biskop: – Barn av IS-kvinner må få hjelp til å komme seg til Noreg

Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme meiner styresmaktene må hjelpe barn av norske IS-kvinner heim til Noreg. – Barna må få den hjelpa og omsorga dei har krav på, seier biskopen.

Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedøme. Ho meiner at uskyldige barn ikkje skal betale for det foreldra deira har gjort.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tusenvis av kvinner og barn bur i interneringsleirar i Syria og Irak, under forferdelege tilhøve.

Statsminister Erna Solberg har sagt at norske statsborgarar som er tilknytt IS, kan komme tilbake til landet, men dei vil bli straffeforfulgt. Også barna har rett til å komme til Noreg, men Solberg har sagt at det er uaktuelt for norske styresmakter å aktivt hente dei ut. Dersom dei vil heim, må dei kome seg til ein norsk utanriksstasjon.

Må få hjelp ut

Biskop i Møre, Ingeborg Middtømme, reagerer på at barna ikkje blir hjelpt ut.

– Å kome seg til ein utanriksstasjon har ikkje desse kvinnene og barna moglegheit til. Dei har verken reisedokument eller pengar, seier biskopen. Ho meiner at kvinnene som ynskjer å kome tilbake til Noreg og ta straffa si, må få returnere til heimlandet.

Ifylgje PST skal det vere 30–40 barn med norsk tilknytning i leirane. Totalt skal det vere rundt 2500 barn med utanlandske foreldre i flyktningleirar nordaust i Syria, ifylgje Redd Barna.

For risikofylt

Politisk rådgiver i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte (H)

Statssekretær Jens Frølich Holte (H) i Utanriksdepartementet, seier at det er for risikofylt å sende norske diplomatar inn i Nord-Syria.

Foto: Odd Iversen / NRK

Utanriksdepartementet seier at situasjonen i området er utrygg og vil difor ikkje gå inn og hente heim framandkrigarar og barna deira frå Syria.

– Situasjonen i Nord-Syria er svært ustabil og uoversiktleg, så vi vil ikkje sende norske diplomatar inn i ei slik risikosone, seier statssekretær Jens Frølich Holte (H) i Utanriksdepartementet.

Han seier at kvinnene må ta kontakt med Utanrikstenesten og be om bistand og eventuelt oppsøke ein norsk utanriksstasjonen. Sidan sommaren 2018 er det ikkje registrert at framandkrigarar har kontakta Utanrikstenesten.

Det at de ikkje går inn og hentar dei, skuldast det at dei er IS-kvinner og at Noreg som stat er usamd med det dei har gjort?

– Vi har avklarte og faste rammer for konsulær bistand. Det er klart at IS sine handlingar er grufulle, men vi tilbyr konsulær bistand til norske borgarar, seier Holte. Han seier dei behandlar like saker likt.

Barna må få beskyttelse

Biskop Ingeborg Midttømme trur at Noreg kunne ha henta barna dersom dei ville.

– Dersom dei ynskjer, er eg sikker på at det finst ei løysing. Både journalistar og bistandsarbeidarar har vore og er inne i leirane, seier Midttømme. Ho håper at Noreg ikkje lar historia gjenta seg, slik at IS-barna no skal oppleve det same som barna etter 2. verdskrig gjorde, med trakassering og mobbing heile livet, for handlingar foreldra hadde gjort.

– Barna er norske statsborgarar og har same rettigheiter som andre norske barn. Då vi faktisk klare å løfte blikket og vere prinsipielle. Vi må sjå kva dei treng og kva dei har rett til, seier Midttømme.