Hopp til innhold

Alvorleg skadd i bilulykke i Aure

Ein mann er frakta til sjukehus med alvorlege skader etter å ha køyrt i bergveggen ved Kjøkåsen i Foldfjorden i Aure.

Bilulykke i Aure

Sjåføren vart sendt til sjukehus med luftambulanse etter ulykka. Han skal ikkje vere livstruande skadd.

Foto: Ivar Torset/Nordvestnytt

Det var klokka 18.50 politiet fekk melding om ulykka, der ein bil køyrde i bergveggen. Det var berre ein person i bilen.

– Bilføraren er alvorleg, men ikkje livstruande skadd, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp. Mannen i 20-åra vart frakta til St. Olav hospital i luftambulanse.

Det er store materielle skader på bilen.

Veit de noko om årsaka til utforkøyringa?

– Det er det for tidleg å seie noko om. Politiet gjer undersøkingar og pratar med vitne eller dei som kom først på staden, seier Asp. Brannvesenet som også rykte ut, twitra at det var svært glatt på staden.

Trafikken blir dirigert fordi ulukkesstaden og vegen blir heilt open att når bilberginga er ferdig.

Kjøkåsen i Aure
Laster Twitter-innhold