NRK Meny

Betre utvikling enn landssnittet

Det er lite endring i sjukefråveret i Møre og Romsdal første kvartal i år samanlikna med 2015 og 2016. Tal frå Nav viser eit fråver på 5,8 prosent. Sjølv om utviklinga her i fylket er noko betre enn landet elles er sjukefråveret noko høgare enn landssnittet. Høgast sjukefråver har Nesset, medan Sunndal, Ulstein, Sandøy og Midsund har lågast.