Hopp til innhold

Her hamna betongbilen rett i hytta

Han skulle levere betong til ein byggestad, men endte i hytteveggen.

Betongbil velta

Sjåføren slapp unna ulukka med lettare skader, etter at betongbilen rulla rundt og hamna i ein hyttevegg.

Foto: Frank Celius

Føraren av betongbilen kom unna med lettare skader då betongbilen hans rulla rundt og krasja i ei hytte på øya Sekken i Molde. Politiet har fått opplyst at mannen skulle levere betong til ei garasje som skal byggast. Dei fekk melding om ulukka klokka 09.45.

– Mannen sat i betongbilen som vart kasta rundt, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Betongbilen landa på hjula og krasja inn i ein hyttevegg.

Politiet har oppretta sak og vil etterforske kva som skjedde.

Varsla arbeidstilsynet

Kommunikasjonssjef i Nor Betong, Vetle Haug, seier at også dei må finne ut korleis ulukka skjedde.

– Vi er sjølvsagt letta over at sjåføren ikkje vart alvorleg skadd, seier Haug.

Mannen er innleigd sjåfør frå eit anna firma. Han vart sendt til sjukehus med smerter i skulder og arm. Norbetong har varsla Arbeidstilsynet om ulukka.

Høyrde smell

Jahn Denver Thomassen er nabo og høyrde brått ein stor smell. Då han kika ut, såg han betongbilen stå merkeleg parkert.

– Slik eg har forstått har sementbilen skuva heile hytta av grunnmuren, seier Thomassen.

Han meiner sjåføren har vore heldig. Hadde bilen rulla rundt berre eit lite stykke unna, kunne den ha endt i sjøen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL