Hopp til innhold

Beste bedriftsleiar kåra

Direktør Stein Berg Oshaug i bedrifta Oshaug Metall i Molde, er kåra til den bedriftsleiaren i Midt-Noreg som er best på å skape vekst.

Video nsps_upload_2009_10_30_14_6_33_5085.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Stein Berg Oshaug meiner bedrifta skal vere i verdstoppen også i framtida. Sjå video over.

Kvalitet i høgsetet

Oshaug Metall

Stabil arbeidsstokk sikrar kvalitet, meiner bedriftslaiaren.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kvalitet er Oshaug Metall sitt varemerke. Verksemda forbetrar stadig støypemetodane og torsdag vart sjefen kåra til Midt-Norges beste vekstskapar.

- Dette er eit resultat av at mange har jobba saman veldig lenge, seier Stein Berg Oshaug. I løpet av dei siste ti åra har ingen slutta i bedrifta.

Det er revisjonsselskapet Ernst og Young som står bak kåringa, der nærare 50 land deltek. At familiebedrifta i Molde går vidare til landsfinalen, skuldast 82 år med hardt arbeid.

Oshaug strekar under at dei jobbar kvar dag med forskning og utvikling oppimot dei leiande miljøa i verdsmarkanden, og dette blir lagt merke til.


Satsar på forskning og utvikling

Heidi Huse Vestad

Heidi Huse Vestad seier at støyperiet også i framtida skal vere i verdsklasse.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Skipsindustrien går snart nedgangstider i møte, og då vil også støyperiet få tøffare tider. Akkurat difor er prisen så viktig, trur klubbleiar Heidi Huse Vestad. - Vi er verdens beste støyperi, og denne prisen viser at det skal vi fortsette med, seier ho.

Sjølv om det er nedgangstider i møte, er det no planar om å bygge nytt støyperi. Det skal vere både støy- støv- lukt- og vibrasjonsfritt, seier Osbhaug. Han er overbevist om at støyping vil være en svært viktig del av teknologien også i framtida, og der har bedrifta tenkt å vere heilt i front.