NRK Meny

Ber for asylmottaket i Sunndal

Mot røystene til Framstegspartiet ber fylkesutvalet regjeringa om å gjere om UDI- vedtaket om å legge ned asylmottaket i Sunndal. Forslaget blei sett fram av Tove- Lise Torve frå Arbeidarpartiet. Fylkesutvalet seier mellom anna at asylmottaket - som har vore drive i kommunal regi i 26 år- er ein viktig kompetansebase for heile regionen i Midt- Noreg. Fylkesutvalet ber regjeringa om at det framleis skal vere aktivitet og drift ved Sunndal asylmottak.

Tove-Lise Torve
Foto: Roar Halten / NRK