Hopp til innhold

Ber averøyingane om å spare på vatn

Anlegget som skal behandle vatnet i det offentlege vassverket på Folland i Averøy har fått omfattande skadar i det elektriske anlegget, og vil vere ute av drift i fleire veker. Averøy kommune ber derfor alle husstandar og industri om å bruke mindre vatn. Alle får no vatn frå private Nordre Averøy Vannverk og Hoel Vassverk. Kommunen seier også at alle som tappar vatn for å hindre at røyr frys må stanse dette. Konsekvensane kan bli at dei stenger vassforsyning for å ha nok vatn til brannsløkking og beredskap.