Hopp til innhold

Bed ministeren rydde opp i NAV

Ei kvinne fekk ikkje kontakt med NAV på fem månader. No bed politikar ministeren om å få NAV til å skjerpe seg.

Karin Andersen
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

- Det er heilt uakseptabelt av Nav å gjere seg utilgjengelege for dei dei skal hjelpe, seier Stortingsrepresentant Karin Andersen (Sv). Ho meiner NAV kan ha erstatningsansvar i saka.

Får ikkje kontakt

Kvinna i 40-åra har fast jobb, hus og bil, og er såleis ingen typisk sosialklient. Ho klarar seg sjølv, men som åleinemor til to funksjonshemma born kan kvardagen verte krevjande. For to år sidan bad ho om hjelp. Ordninga Trygd til forvaltning inneber at Nav skal disponere kontoen hennar og sørge for at rekningar vert betalte. I starten hadde ho jamnlege møter med kuratoren, men etter møtet 16. desember har ho ikkje fått kontakt.

- Dette er både uakseptabel ventetid, og måten NAV har behandla betalingsordninga kan føre til alvorlege følgjer for den det gjeld, seier Andersen. Alle skjønar at kvinna kan få kjempeproblem når lønninga uteblir i fleire månader, seier ho.

Ventar

23. mars sa kvinna gjennom advokaten opp avtalen. Han sende sidan tre nye brev, seinast 6. mai og kvinna disponerer framleis ikkje sin eigen konto. Rekningane har hopa seg opp medan ho venta på å få tilbake kontostyringa, og ho enda opp med å låne 26 000 kroner av foreininga Fattignorge til rekningar.

Inga Nav-hjelp på fem månader

Kontakta ministeren i dag

Då Karin Andersen høyrde om denne saka i dag, tok ho umiddelbart kontakt med arbeids- og inkluderingsministeren. - Denne saka er så uakseptabel at eg i dag tidleg tok kontakt både med direktøren i NAV og arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen. Eg har bede om at dei to umiddelbart set seg inn i saka og får rydda opp, seier Andersen.

Systemsvikt

Karin Andersen seier ho kjenner til og har respekt for at NAV kan ha vanskar i ei omorganiseringsfase. - Men denne saka har truleg ikkje noko med dette å gjere, seier ho. Her har NAV hatt forvaltning på pengane til kvinna i lang tid. Det betyr at dei ikkje skal gjere noko anna enn dei har gjort før. Uansett er det uakseptabelt å ikkje svare på spørsmål frå eit menneske som ein veit ikkje disponerer sine eigne pengar. Her vel ein å ikkje svare til og med når ein har fått spørsmål frå ein advokat. Det betyr at her er ein systemsvikt som ikkje kan unnskuldast med dei store utfordringane og problema som NAV har under omstillinga, seier Andersen.

Erstatningsansvar

Stortingsrepresentant Karin Andersen (Sv) meiner NAV kan ha erstatningsansvar i saka. - Ja, det har Stortinget sagt no. Vi behandlar både store ekstraløyvingar til NAV og endringar i måten som NAV skal arbeide på. Då har vi sagt at vi må sjå på om NAV og det offentlege har erstatningsansvar dersom saker dreg ut i tid, seier Andersen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL