Hopp til innhold

Basehoppar kan bli liggande i dagevis

Basehopparen som vart sakna ved Hårstadnebba i Sunndal i går, kan bli liggande fleire dagar i terrenget. – Vi fryktar det verste, at liv har gått tapt i fjellet, seier politiinspektør, Torry Åkernes.

Redningsaksjons etter basehopper Sunndal helikopter

Basehopparen vart funne i eit juv i fjellet Hårstadnebba i Sunndalen, men redningsmannskap kunne ikkje hente ned den forulykka.

Foto: Gjermund Svinsås

Ein basehopper vart meldt sakna då han og ein kamerat hoppa frå Hårstadnebba (1550 m.o.h.) i Sunndal i 19-tida torsdag. Basehopparen vart lokalisert på 1200-meters høgde i eit juv i fjellet, men terrenget og vêret gjorde det vanskeleg for redningsmannskap å nå fram. Etter fleire timar, klokka 22.45 var redningsaksjonen avslutta.

– Vi fryktar det verste, det er lite håp om å finne hopparen i live, seier politiinspektør Torry Åkernes ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Les også:

Det var to utanlandske turistar som i går hoppa frå Hårstadnebba. Den eine landa trygt, medan den andre vart meldt sakna av kameraten.

Politiet seier no at mannen truleg er omkomen. Dei ynskjer ikkje å gå ut med namn og nasjonalitet før pårørande er varsla.

Svært krevjande og farlege forhold

Redningsaksjon etter basehopper Sunndal

Basehopparar søker seg til terreng som er stupbratte og når ulykker skjer, kan redningsarbeid bli svært krevjande.

Foto: Gjermund Svinsås

Det vart sett i gong store ressursar for å lokalisere basehopparen, blant anna redningshelikopter og frivillige frå alpine redningsgrupper i området. Hopparen vart lokalisert, men redningsmannskapet fekk ikkje henta han ned.

– Det er eit svært krevjande og bratt terreng. No er det også snø i fjellet og det er farleg å begi seg ut i slike terreng, spesielt når det er glatt og vått, seier Åkernes.

Ved ein ny redningsaksjon, krevst det gode og grundige vurderingar, nøye planlegging og risikovurdering.

– Det kan ta lang tid, timar eller dagar før denne aksjonen vert satt i verk, seier politiinspektøren.

Kan bli utsett til over helga

Det er framleis usikkert om det vil bli gjort eit nytt redningsforsøk i dag, men politiet trur også at søket kan bli utsett til over helga.

– Det er dårlege vêrforhold no med nysnø i fjellet, så eit nytt forsøk kan vere farleg. Over helga ser vêrprognosane betre ut, forklarar Åkernes.

Film og bilete av staden blir vurdert før redningsaksjonen. Ved eit nytt søk vil ambulansepersonell og lokale redningsgrupper bli nytta for å hente ned basehopparen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL