Innanfor denne porten kjem barna og kvinnene som vil vekk frå psykisk eller fysisk vald i heimen.
Foto: Lena Høyberg / NRKRomjula nærmar seg slutten, og julesnøen som kom berre for eit par dagar sidan er i ferd med å forsvinne. Sørpa ligg tjukt rundt det grå huset som er Sunnmøre krisesenter, og regnet banar veg i snørestane i gatene rundt.
Her har barn, unge og kvinner feira jul på hemmeleg adresse. Bak svarte portar og låste dører. Hit kjem dei for å vere trygge. For å kome seg vekk frå valden.
Cecilie Rønstad Teunissen er leiar ved Sunnmøre krisesenter avdeling kvinner og barn. Her er ho inne på det ho kallar samtalerommet.
Foto: Lena Høyberg / NRKCecilie Rønstad Teunissen er ein av dei som jobbar hardt for å ta vare på dei som treng det litt ekstra.
– Det er ikkje nødvendigvis alle som har hatt ei god jul, og enkelte kunne nok ha hatt det betre på krisesenter enn heime. Vi kan i alle fall gi dei ei trygg og fredeleg jul, seier Teunissen.
I 2013 telte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nesten 60 000 overnattingsdøgn av barn og omtrent 70 000 av kvinner ved krisesenter her i landet. Menn hadde knappe 4000.
Vekk frå valden
Dei som kjem til krisesenteret har ofte vore utsette for vald i nære relasjonar. Det kan vere frå far, mor, ektefelle, stesøsken eller sambuar. Det er folk med mange forskjellige bakgrunnar, fortel ho.
Teunissen er leiar for avdelinga for kvinner og barn. Denne jula har dei hatt tre fulle og tre tomme rom. Og sjølv om det ikkje var fullt fekk dei som var der ei fin og tradisjonell jul, fortel ho.
- Les også:
I opphaldsrommet i tredje etasje står julekakene framleis framme på spisebordet. Juletreet er pynta og stjernene heng i vindauga. Teunissen vil at dei som kjem for å bu hos dei skal ha det fint når dei er der. Difor kan kakebaking vere god terapi.
– Ikkje trygt å vere utandørs
Ho fortel at dei fleste som kjem til krisesenteret har ei god oppleving der, men for enkelte som bur hos dei lenge, kan det bli vanskeleg å berre verre innomhus.
– I år har vi hatt ein person som har vore her i fleire månader. Og når ein ikkje kan gå utandørs kan det vere tøft å vere på krisesenter, seier Teunissen, og legg til at enkelte gonger er det ikkje trygt for bebuarane å gå ut.
Ho har ei veldig medkjensle til barna, kvinnene og ungdommane som kjem for å bu i det grå huset. Jula er ofte ei tid der krisesenter og andre hjelpande institusjonar får litt meir merksemd enn elles i året.
Ei hjelpande hand
Maria Andersen tenkte litt ekstra på krisesenteret denne hausten, og samla inn over 6000 kroner. Her saman med leiaren av senteret, Cecilie Rønstad Teunissen.
Foto: Lena Høyberg / NRKMaria Andersen er ein av dei som har valt å strekke ut ei hjelpande hand. Ho skreiv ein rørande status på Facebook der ho bad andre om å bidra. Det tok ikkje lange tida før det ramla inn over 6000 kroner – og det var berre før jul.
– Først og fremst ville eg få meir merksemd retta mot krisesenteret. Eg syns det er ei viktig teneste, seier Andersen.
Med desse pengane fekk ho fylt fleire store handleposar med blant anna mjuke morgonkåper, varme vottar, gode pysjamasar ein heil haug med deodorantar.
Maria Andersen samla inn pengar til krisesenteret. Desse posane er fulle av herlege klede til barna.
Foto: Lena Høyberg / NRKTeunissen syns Andersen har gjort ein fantastisk innsats for barna. Dei kjem ofte berre med dei kleda dei står og går i – og treng difor gode inneklede dei dagane dei bur på krisesenteret. Det vert sett veldig stor pris på, meiner ho.
– Det er mykje omsorg i å gi dei gode klede som ligg inst mot kroppen, seier krisesenterleiaren.
Større trykk på nyåret
Kvart år er rundt 50 kvinner og 60 barn innom Sunnmøre krisesenter. Etter nyttår ventar dei ein auke i folk som treng hjelp. Teunissen bur seg på eit større trykk når ferien er over.
- Les også:
– Av erfaring ser vi at fleire treng oss i januar enn i desember, så det vil nok bli fulle rom når dei andre offentlege institusjonane opnar igjen på nyåret, seier leiaren, og legg til at dei slit med dårleg plass, og gleder seg difor til å flytte inn i nye lokale neste sommar.