Hopp til innhold

Skal leie Sunnmøre regionråd

Tidlegare ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal, er tilsett som dagleg leiar i Sunnmøre regionråd.

Jan Kåre Aurdal

Jan Kåre Aurdal er tidlegare ordførar i Sykkylven. No er han tilsett som dagleg leiar i Sunnmøre regionråd.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det nye regionrådet representerer no alle kommunane på Sunnmøre, med unnatak av Ørsta og Volda. Rådet kjem i staden for Ålesundregionens Utviklingsselskap og Søre Sunnmøre regionråd. Berre kommunane Volda og Ørsta står utanfor regionrådet.

Arnulf Goksøyr

Arnulf Goksøyr er ordførar i Herøy og styreleiar i det nye Sunnmøre regionråd.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vi fekk ei helsing frå Volda kommune i dag om at også dei arbeider positivt for å bli med i regionrådet, seier styreleiar Arnulf Goksøyr til NRK.

Nesten alle kommunane

I dag er altså kommunane Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Ørskog og Ålesund med i det nye regionrådet. Selskapet har som målsetjing å medverke til ei positiv utvikling både i deltakarkommunane og i heile regionen.

– Eg gler meg

Noko av det første som blei gjort så snart stiftinga av det nye regionrådet var eit faktum, var å tilsetje dagleg leiar. Det blir altså tidlegare ordførar i Sykkylven, Jan Kåre Aurdal.

– Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva med å arbeide for betre rammevilkår for både kommunar og næringsliv, seier Aurdal.

Strategi

Aurdal har ei rekkje oppgåver å ta fatt på. I stor grad handlar det om å gjere Sunnmøre meir synleg enn det som har vore tilfelle til no.

– Han skal vere med og utvikle strategidokumentet for Sunnmøre. Han skal medverke til å gjere Sunnmøre meir synleg, og til at Sunnmøre får ei utvikling som vi fortener, seier Goksøyr til NRK.