Hopp til innhold

Pasient til St. Olavs etter arbeidsuhell

Ein person er send i ambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim etter arbeidsuhell i Gjemnes.

Gjemnes
Illustrasjon: Kart

Uhellet har, ifølgje politiet, skjedd på eit industriområde på Ikorneset i Gjemnes. Dette området ligg nordvest for Krifast ved Kvernesfjorden.

Det skal ha vore i samband med handtering av ein lastebil at uhellet skjedde.

– Vi kjenner ikkje til om bilen høyrde til på bedrifta på Ikorneset eller om det var ein bil som kom utanfrå og transporterte varer dit, seier operasjonsleiar Birger Moen til NRK.

Det er uklart kor alvorleg skadane er.

– Etter det vi har fått opplyst var bilen ikkje i fart då uhellet skjedde, seier Moen.

Politiet kan så langt seie lite om kva som har skjedd på staden. Personen var teken bort frå sjølve staden der uhellet skjedde. Han var i ambulansen på veg til St. Olavs då politiet kom.

– Politiet er ferdige på staden, men vil etterforske saka, seier Moen.