Hopp til innhold

Andsnes-verdspremiere i Ålesund

Verdspremiere på nytt soloprogram, spelt på favorittflygelet. Vi møtte den verdskjende norske pianisten Leif Ove Andsnes før konserten på Parken i Ålesund.

Det er verdspremiere i Parken kulturhus i Ålesund i onsdag kveld. Publikum som har sikra seg billett til konserten blir dei første som får høyre eit heilt nytt soloprogram med Leif Ove Andsnes. Vårt TV-team fekk ein smak av programmet i ettermiddag.

Leif Ove Andsnes likar seg i Ålesund, spesielt på grunn av konserflygelet.

Det er eit flunkande nytt soloprogram publikum får sjå.

Parken Kulturhus i Ålesund er éin av to konsertar Leif Ove Andsnes har lagt inn i turnéplanen. Stavanger er den andre stoppestaden.

Konserten onsdag i Ålesund er berre éin av svært mange konsertar framover.

– Eg har det veldig tett i vår. Om sommaren prøver eg å ta mykje fri, for det treng eg, fortel Andsnes.

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes er klar med heilt nytt program. Først ut er Ålesund.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Favoritt-flygelet

Pianisten fortel at han likar Ålesund, både på grunn av publikum og proft arrangement.

Men viktigaste av alt: Parken Kulturhus har favoritt-flygelet.

– Det er eit godt Steinweg-flygel, ein D-modell som vi kallar det. Det er konsertmodellen deira, to meter og 74 centimeter lang.

Pianoet blir stemt av pianisten sin faste pianostemmar.

– Både for meg og mange andre pianistar er dette det flottaste konsertflygelet å spele på, meddeler Andsnes til NRK.

Chopin sin fjerde ballade

Han viser oss kunstane sine, Frédéric Chopin sin fjerde ballade. Stykket er eitt av mange han framfører for første gong i det nye soloprogrammet.

– Det er ein god del nye ting på dette programmet for meg.

– 60-70 prosent er kanskje heilt nytt, så det blir litt premierefeeling for meg i dag, seier Andsnes onsdag ettermiddag.