Hopp til innhold

Familien heiar på Amanda Tenfjord i finalen: – Vi håper på topp ti-plassering

Sunnmøringen Amanda Tenfjord representerer Hellas i laurdagens Eurovision Song Contest. Heime i Hellas sit den 101 år gamle bestemora og følger spent med.

Norsk-greske Amanda Georgiadi Tenfjord under Eurovision Song Contest.

HELLAS: Amanda Klara Georgiadis Tenfjord blir bidrag nummer 17 under finalen i Eurovision Song Contest.

Foto: Heiko Junge / NTB

Laurdag kveld går finalen av Eurovision Song Contest av stabelen i Torino i Italia. På scena står norsk-greske Amanda Klara Georgiadis Tenfjord, som er hennar fulle namn.

For artisten frå Ålesund kjennest det veldig naturleg å skulle representere Hellas i Eurovision.

– Det er stas. Eg budde jo der dei tre første åra av livet mitt. Pappa er gresk og eg føler meg gresk. Eg kjenner på eit slags ansvar for å gjere Hellas stolt, men først og fremst er det ei ære, fortel Amanda.

Amanda Tenfjord synger for Hellas i andre sceneprøve under Eurovision Song Contest 2022.

Amanda på scenen under semifinalen tidlegare i veka.

– Visste vi kom til å sjå ho på ei stor scene

Sunnmøringen fortel ho var spent på korleis ho og songen ville bli mottatt i Hellas. Låten «Die Together» har ho skrive saman med Bjørn Helge Gammelsæter.

– Eg har fått mykje støtte, noko eg var veldig spent på, sidan eg ikkje var eit så kjent namn der frå før av. Men dei har vore heilt fantastiske.

I Hellas er det spesielt ein person som kjem til å følge ekstra godt med på finalen.

Bestemora til Amanda, 101 år gamle Mary Georgiadis, har også fått mykje merksemd den siste tida. I heimlandet har ho blitt intervjua ei rekke gonger i aviser og på TV og radio om barnebarnet.

– Ho er veldig stolt. Allereie då Amanda var 6–7 år sa Mary at vi kom til å sjå ho på La Scala i Milano. Det var den største scena før i tida. No er vel kanskje det Eurovision, fortel mora til Amanda, Greta Tenfjord.

Amanda Tenfjord saman med den 101 år gamle bestemora

Både Amanda Tenfjord og bestemora har blitt svært populær i Hellas den siste tida. Den 101 år gamle bestemora hennar har vore intervjua både på TV og radio ein rekke gongar om barnebarnet.

Foto: Privat

Håper på topp ti-plassering

Ein stor heiagjeng med familie og venner av Amanda er på plass i Torino. Den gresk-norske familien seier det hadde vore like naturleg for dei om ho deltok i norske eller greske Eurovision.

– Vi snakkar gresk heime og er like mykje ein gresk familie, så det spelar inga rolle. Men det er ekstra stas for faren til Amanda, han har heilt mista forstanden, seier mor Greta og ler.

Foreldra til Amanda Tenfjord

Foreldra til Amanda Tenfjord gler seg til å sjå dottera på scena.

Foto: Privat

Dei var også på plass under semifinalane tidlegare i veka.

– Ho tok heile salen med storm. Vi har alltid vore veldig stolt av ho, men det er spesielt dette her, seier Greta.

Ho fortel at Amanda får mykje støtte, både heime i Tennfjorden på Sunnmøre og i Hellas. No gler dei seg til å sjå ho på scena under finalen.

– Det er ikkje så nøye kva plass ho kjem på, for oss har ho allereie vunne. Men vi håper på ei topp ti-plassering, det har vi trua på, seier Greta.

Heiagjengen til Amanda Tenfjord er på plass i Italia. Alle kledd t-skjorter med bilde av Amanda på.

– Skal aldri seie aldri

Laurdag morgon ligg Hellas på ein sjuandeplass på oddsen. Ukraina er oddsfavoritt, med Noreg på ein niandeplass.

Amanda Tenfjord skal opptre i andre halvdel

Amanda blir å sjå i den andre halvdelen av finalen.

Foto: Andres Putting / EBU

Og sidan vi her heime ikkje kan stemme på Subwoolfer i finalen, kan det jo vere eit håp om nokre stemmer til sunnmøringen.

– Eg håper jo det kjem nokre stemmer frå Noreg og at dei likar songen, men ein veit jo aldri.

Og på spørsmålet om det kan bli aktuelt for ho å delta i norske Melodi Grand Prix i framtida seier ho følgande:

– Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Når ein er oppe i det så er det så intenst at eg kanskje treng litt pause etterpå. Men ein skal aldri seie aldri.

Les også Sokneprest Marianne er korist på gresk Eurovision-låt: – Vi stod her og gaula

Marianne Bergsjø Gammelsæter

Les også Amanda Tenfjord skal delta i Eurovision, men ikke for Norge

Amanda Tenfjord

Les også Finaleplass for Subwoolfer og Noreg

Første halvdel for Subwoolfer i ESC.