– Dette var wolftastic, seier ulvane i Subwoolfer til NRK.
Dei seier også det var gøy å stå på scena og føle at heile salen var med å synge.
På pressekonferansen seier deira talsmann at dei skal feire med å spele songen ein gong til på laurdag.
Dei håpar med andre ord å vinne finalen.
– Det er utruleg synd at dei skal opptre i første halvdel, men eg er sikker på at dei vil gjere ein god figur. Dei er trass alt unike, seier Morten Westgaard i Eurovision Norway.
WOOF: Her kan du sjå Noreg.
Hellas får den «gode halvdelen»
Medan Noreg skal opptre i første halvdel av finalen, skal Amanda Tenfjord og Hellas opptre i den andre halvdelen under laurdagens finale.
Ho seier det var ei god oppleving på scena i dag.
HELLAS: Frå Sunnmøre til Torino. Norsk-greske Amanda Tenfjord skal til finalen.
Foto: Andres Putting / EBU– Det kjennest veldig bra å stå på scena. Eg følte applausen gjennom monitoren i øra, sa Tenfjord på pressekonferansen.
Ukraina vil vise at dei eksisterer
Under pressekonferansen var det Oleh Psiuk, eller mannen med den rosa hatten, som prata på vegner av Kalush Orchestra.
– Vi vil verkeleg takke alle som vel å støtte Ukraina, starta han med.
APPLAUS: Heile salen heia då Ukraina var på scena.
Foto: CORINNE CUMMING / EBUSongen deira «Stefania» skreiv Oleh om si mor lenge før krigen. Mange i Ukraina har etter starten av krigen følt at songen er om deira mor, heimlandet Ukraina.
Psiuk seier han ikkje hadde fått snakka med mora enno, men hadde fått tekstmelding. På eit spørsmål om korleis dei held seg rolege når det er krig i landet deira svarer han klart.
– Vi er her for å bevise at ukrainsk kultur eksisterer.
Blir den 57. finalen til Noreg
Med denne finaleplassen held Subwoolfer fram trenden om å vise eit norsk bidrag i den store finalen, som i år er laurdag 14. mai.
I fjor var det Andreas Haukeland, best kjent som Tix, som representerte Noreg i Eurovision.
OGSÅ I ÅR: Her er Tix som DJ Astronaut for Subwoolfer.
Han kom på 18.-plass og fekk 75 poeng.
Den andre semifinalen er torsdag 12. mai klokka 21:00. Den kan du følge på nrk.no og NRK1.