Hopp til innhold

Basehoppar omkom i ulukke på Sunnmøre

Ein person er død etter ei basehoppulukke ved fjellet Saksa på Sunnmøre.

Politiet på plass i forbindelse med basehoppulykke ved Saksa i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.

Naudetatane var raskt på plass etter basehoppulukka. Fredag ettermiddag kunne politiet stadfeste at ein mann hadde omkome.

Foto: Tormod Utne/Møre-Nytt

Den omkomne som er i 40-åra, er frå USA. Dei pårørande er varsla, opplyser politiet.

– Vi veit ikkje kva som er grunnen til ulukka. Vi kjem til undersøke kva som har skjedd og snakke med vitne, seier operasjonsleiar Roar Fylling i Møre og Romsdal politidistrikt.

Erfaren basehoppar

Politiet fekk melding om ei basehoppulukke frå fjellet Saksa i Ørsta kommune klokka 10.18 fredag. Ulukka blei av politiet omtalt som alvorleg. Han var ein del av eit turfølgje på 10 personar.

– Han blir omtala som ein svært erfaren basehoppar med over 1500 hopp bak seg, seier Fylling til NRK.

Basehoppulykke

Basehopparen som omkom, var ein del av eit større turfølge.

Foto: Rune Sæbønes

Hovedredningssentralen sende helikopter frå Florø. Luftambulanse blei også sendt til ulykkesstaden.

Mannen blei henta ut frå fjellet i 12.30-tida fredag. Det har tatt tid å få varsla dei pårørande. Men klokka 18.03 kunne politiet stadfeste at mannen hadde omkome.

Det er bratt og ulendt i området. Det var både norske og utanlandske personar i turfølgjet, opplyser politiet.