NRK Meny
Normal

Alvorleg skada etter MC-ulukke

Ein mann i 50-åra er alvorleg skada etter å ha køyrt i autovernet med motorsykkel i Brekka i Aure.

Laster kart, vennligst vent...

Ein motorsyklist har vorte frakta til i ambulansehelikopter til St. Olavs Hospital etter ei utforkøyring i Brekka i Aure

Mannen har vorte frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med store bekkensmerter. Tilstanden vert karakterisert som alvorleg, men stabil.

– Mannen, som kjem frå austlandsområdet, køyrde åleine og skal ha hamna under autovernet. Det seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Vegen var stengt ei stund, men er no open.