Hopp til innhold

Ville ikkje la spelarane sitje på bussen ei heil natt

Aalesund sin bortekamp mot Sandefjord søndag blir ikkje spelt.

Eliteserien i fotball 2022: Aalesund - Kristiansund

Aalesund ligg på sjuandeplass på eliteserietabellen, men søndag blir det ingen bortekamp mot Sandefjord.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Pilotstreiken skaper trøbbel for flytrafikken, og dermed også avviklinga av eliteserien.

Aalesunds-laget drog til Molde laurdag for å kunne ta eit fly derfrå laurdag. Det var Sunnmørsposten som først meldte dette.

Men flyet frå Molde vart stoppa av vêret.

Ronny Stokke dagleg leiar i Momentium Live

AaFK og direktør Ronny Stokke frykta at spelarane skulle bli uopplagde om dei tok buss til Sandefjord.

Foto: Remi Sagen / NRK

Frykta uopplagde spelarar

– Det var ikkje aktuelt å la våre spelarar sitje på bussen ei heil natt. Då ville dei vore uopplagde til kampen, seier AaFK-direktør Ronny Stokke til NRK.

Fotballforbundet diskuterte saka i morgontimane søndag, og klokka 11.22 kom meldinga om at kampen var utsett.

Klubbane sit i eit møte med Noreges Fotballforbund for å prøve å bli samde om ein ny kampdato.

KBK er klar

Kjetil Thorsen

– Kristiansund er klare til kamp etter busstur til Oslo, seier dagleg leiar Kjetil Thorsen i Kristiansund BK.

Foto: Roar Halten / NRK

Utfordringane i flytrafikken gjorde at Kristiansund BK drog til Oslo-området med buss allereie på fredag.

Søndag skal dei møte Vålerenga som ligg tredje sist på eliteserietabellen.

– I går hadde vi trening på banen til Ull/Kisa, seier dagleg leiar Kjetil Thorsen i KBK. Han opplyser til NRK at dei tar buss heim att etter kampen i Oslo.

Tromsø med langweekend i Molde

Aadne Orvik i Molde fotballklubb seier kampen mot Tromsø går som planlagd søndag.
– Tromsø kom hit med charterfly laurdag. Dei skal vere her til tysdag, sier Orvik.

Kampen mellom Sandefjord og Aalesund er den tredje kampen i Eliteserien som må spelast seinare som følge av den pågåande pilotstreiken. Onsdag vart kampen mellom Kristiansund og Tromsø utsett.