– Terrenget gir god trening

NATO-øvinga Trident Juncture går no inn i sluttfasen. I dag fekk folk i Rindal oppleve øvinga med helikopter og soldatar i aksjon på nært hald. Terrenget i Rindal gir soldatane god trening, fortel Clay Groover, kaptein i US Marines. – Her har vi fjella rundt, så det er eit bra område for helikopterpilotane å øve seg på å lande. Det er også bra for soldatane å øve seg på å navigere i fjellterrenget, seier Groover.

NATO-øvinga Trident Juncture går inn i sluttfasen. I dag fekk rindalingane oppleve øvinga med helikopter og soldatar i aksjon.