Hopp til innhold

– Nyhamna kan vere terrormål

Politimeisteren på Nordmøre og i Romsdal åtvarar nordmenn mot å vere naive. Norskekysten er full av potensielle mål for terroristar, meiner politimeisteren.

Nyhamna på Aukra

Nyhamna på Aukra kan vere eit mål for terroristar, meiner Arnstein Nilssen.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Politimester Arnstein Nilssen

Politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilssen.

Foto: Hans Thomas Eikrem

– Vi må ikkje vere så naive at vi ikkje trur eit terroranslag kan skje her, seier politimeister Arnstein Nilssen i Nordmøre og Romsdal Politidistrikt.

Han sit med politiansvaret for olje- og gassinstallasjonane mellom Stadt og Brønnøysund. Den største bekymringa har han for Nyhamna på Aukra i Møre og Romsdal, som forsyner store deler av Storbritannia med gass.

– Vi må tenke tilbake på det terroranslaget vi hadde her i Norge 22. juli i 2011. Norge har anlegg som er interessante ute i verda. Ikkje minst Nyhamna på Aukra som forsyner Storbritannia med enorme verdiar av gass.

Politimeisteren følger situasjonen og grufulle men ikkje stadfesta meldingar frå gassanlegget i Algerie tett.

Saka held fram under bildet.

Strengare tryggleik ved Nyhamna

Det blir etterlyst strengare tryggleikstiltak ved Nyhamna på Aukra.

Foto: Hans Thomas Eikrem

Strengare tryggleik ved Nyhamna

Neste gang kan det vere han sjølv som står midt i den ufattelege dramatikken, som kan utspille seg om det skulle komme eit anslag mot Ormen Lange-anlegget på Aukra eller på ein av oljeinstallasjonane i Norskehavet.

På Nyhamna sitter Shell med ansvaret for å hindre uvedkommande å komme seg inn på anlegget. Etter 22. juli har det komme strengare krav til tryggleik og den siste tida har Shell gjerdet inn også den delen av Ormen Lange-anlegget som ligg ned mot sjøsida.

Kitty Eide

Kitty Eide, kommunikasjonssjef i Norske Shell, Kristiansund.

Foto: Hans Thomas Eikrem

– Vi hadde rimeleg god kontroll tidlegare også. Men dette er for å vere førebudd på slik situasjonen nå har blitt ute i verda. Den krev at vi har meir sikring, seier kommunikasjonssjef i Norske Shell, Kristiansund, Kitty Eide.

Beredskapen er ikkje skjerpa på installasjonane som følge av terrorhandlingane i Algerie.

– Dette er ei alvorleg sak som skjer langt frå oss. Men verda blir mindre og mindre, og vi har større og større samhandling med andre land. Spesielt med det som gjelder forsyning av olje og gass. Så vi må vere budde på at noe kanskje hos oss, seier politimeister Arnstein Nilssen.