Hopp til innhold

– Norsk transport kan bli øydelagt

Direktøren i Norsk Lastebileigarforbund, Geir A. Mo fryktar at eit forslag frå EU kan øydelegge norsk transport dersom det blir vedtatt. Forslaget betyr at utanlandske transportørar kan ha ubegrensa oppdrag i Noreg fem dagar i strekk. Stortingskandidatane i Møre og Romsdal blei utfordra under ein debatt i Ålesund søndag. Mo forventar at norske politikarar vil jobbe for å få stansa forslaget og eventuelt bruke reservasjonsretten.

Geir A. Mo
Foto: Trond Vestre / NRK