I dei tre største byane i Møre og Romsdal er det lagt fram forslag om store vegpakkar med bompengefinansiering.
– Som å seie ja eller nei til veg
Knut Arild Hareide (Krf), leiar for transportkomiteen på Stortinget
Foto: Aas, Erlend / SCANPIXKnut Arild Hareide, leiar for transportkomiteen på Stortinget, hevdar at bidrag frå lokalt hald i form av bompengar kan vere avgjerande for om vegprosjekta får gjennomslag eller ikkje.
– Om ein er med på ei større finansiering med på å seie "ja, vi vil bidra frå lokalt hald", da får ein også støtte. Mi erfaring er at dei kommunane som seier veldig tydeleg nei til bompengar, hamnar langt bak i køa, seier Hareide som også har full forståing for at folk ikkje liker bompengar.
– Naiv haldning
Likevel ser han ingen veg utanom.
– Men alternativa er "ja til bompengar" eller "nei til veg". Da vil eg seie at det er betre å seie ja til bompengar og få veg, enn å seie nei til bompengar og nei til veg, seier Hareide.
– Er det naivt å tru at ein kan sleppe bompengar?
– Dei som trur noko anna har ikkje følgt med i det politiske systemet dei siste åra. Eg synast det er ei naiv haldning, seier Hareide.
– Ikkje forsvarleg
Frank Sve (FrP), ordførar i Stranda kommune
Foto: Thomas Rasmus Skaug / SCANPIXMen bompengane er omstridde. Leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Frank Sve frå FrP, avviser påstandane frå Hareide.
– Det som er realitetane i mange prosjekt er at det er så store avvisingseffektar med bompengar at Staten og statsråden sjølv har sagt nei. Det gjeld blant anna Kvivsvegen. Eg har rimeleg stor tru på at bompengar i Ålesund vil få så stor avvisingseffekt at det ikkje er forsvarleg å innføre det, seier Sve.
– Bompengar er greitt der det skjer avløysing av ferjer, og det er også FrP einig i. Elles er det folket som må få bestemme om dei ønska å betale endå meir skatt for vegar som dei allereie har betalt for, seier Sve.